Ny studie: Sjekkliste reduserer komplikasjoner betraktelig

Publisert

Sjekklisten for trygg kirurgi har gitt nedgang på over 40 prosent for alle typar komplikasjonar i Helse Bergen.

– Ingen andre tiltak for å få ned komplikasjonar under kirurgiske inngrep har hatt større effekt enn bruk av denne sjekklista. Det einaste eg kjem på som kan måle seg, er då kirurgane begynte å vaske hendene før operasjon, seier professor og leiar ved seksjon for pasientsikkerheit, Stig Harthug.

Forskingsresultata er publiserte i tidsskriftet Annals of Surgery og hos Dagens Medisin.

– Dette er eit svært godt resultat. Systematisk bruk av sjekkliste før, under og etter eit kirurgisk inngrep reduserer avvik frå etablerte prosedyrar. Studien viser tydeleg at påfølgjande skadar og komplikasjonar blir minska i vesentleg grad, forklarer fagsjef sjukepleie ved Kirurgisk serviceklinikk, Arvid S. Haugen.

Ny og verdifull kunnskap

Haukeland universitetssjukehus tok sjekklista i bruk i 2009. Sidan då har ei forskingsgruppe, med Haugen i spissen, forska på bruken av den. Gjennom grundig og ny forskingsmetodikk har dei fått fram resultat som både støttar opp under tidlegare kunnskap, men som også har gitt ny og verdifull kunnskap om tematikken.

– Vi ser at etter innføring har komplikasjonar knytt til mellom anna hjerte og lunge, infeksjonar, blødingar, operasjonssår og ikkje planlagde re-operasjonar blitt redusert frå 19,9 prosent til 11,5 prosent. I tillegg blei den gjennomsnittlege opphaldstida på sjukehusa etter operasjon, redusert med nærare eitt døgn, seier Haugen.  

Førebuing, time-out og avslutning

– Vi har også vist at vi får størst effekt og best resultat dersom ein nyttar seg av alle dei tre fasane som sjekklista innehar, seier Haugen.

I dei to første fasane blir pasientens identitet sjekka og at riktig inngrep og korrekt operasjonsfelt er planlagt. Operasjonsteamet går gjennom risikofaktorar og infeksjonsførebyggande tiltak like før operasjonen startar. I avslutningsfasen kontrollerast teljing av instrument og kompressar, merking av provemateriale og formidling av beskjed til postoperativ behandling.

Setter pasienttryggleik i fokus

Sjekklista er satt saman etter innspel frå medisinsk personell og pasientar i fleire land. Lista er enkel, og skal sikre at sikkerheitstiltak som allereie er dokumentert at har effekt, blir gjennomførte i praksis ved kvar einaste operasjon.

– Sjekklista sikrar også god kommunikasjon i operasjonsteamet, slik at ein får fokus og  bevisstheit på det som skal gjerast. Med den får vi stadfesta eit felles mål og felles ansvar – noko som kjem både pasienten og oss som er på jobb til gode. Sjekklista gjer at allereie gode rutinar blir enda betre, forklarer Haugen.

– Lista er ein sikkerheit for begge partar, både kirurg og pasient. Den ser til at rett pasient blir operert, at riktig inngrep blir utført - på riktig stad og korrekt side, at anestesien er trygg og at ein gjer tiltak for å unngå postoperative infeksjonar, seier Harthug.

Kilde: Anette Hellstrøm, Haukeland universitetssjukehus
Print