herlof-nilssen

Foto: Helse Vest

Herlof Nilssen

Publisert  Oppdatert 

- Leiarar må setje klare mål og etterspørje resultat. Bygg gode system som støttar opp om pasienttryggleiksarbeidet og legg til rette for automatiske målingar, slik at medarbeidarane ikkje treng å plotte og registrere data manuelt, seier administrerande direktør Herlof Nilssen i Helse Vest.

Stilling: Administrerende direktør i Helse Vest

- Hva inspirerer deg og hvorfor engasjerer du deg i arbeid med pasientsikkerhet?

- Som leiar av eit regionalt helseføretak er det krevjande å vita at over 13 prosent av utskrivingane i sjukehusa har ein eller fleire pasientskadar. At pasientar blir skada i våre sjukehus er ikkje greitt. I desse tala ligg det mykje liding for den enkelte pasient og deira pårørande. I tillegg gir det lenger liggjetid, meir kostbar behandling og dårleg utnytting av ressursane.

Det inspirerer meg at vi kan unngå halvparten av desse pasientskadane med forholdsvis enkle tiltak. Det er vårt ansvar å sørgje for at ingen pasientar blir skada på sjukehuset.

- Hvordan kan du i din posisjon påvirke pasientsikkerheten direkte?

- Eg har høve til å påverke pasienttryggleiken ved å tydeliggjere, synliggjere og etterspørje pasienttryggleikstiltak. Det er viktig at eg/leiinga set konkrete mål for pasienttryggleiksarbeidet og etterspør resultat. Vi må sikre at sjukehusa har oversikt over kva risiko pasientane blir utsett for og at det blir følgd opp med tiltak for å hindre skade.

Eg kan vidare bidra med systembygging, utvikling av ikt system og teknologiske løysingar som ivaretar og betrar pasienttryggleiken og kvaliteten i tenesta vår. I tillegg kan eg leggje til rette for at medarbeidarane våre får kompetanse i forbetringsmetodikk slik at dei er i stand til å drive med kontinuerleg forbetring av tenesta.

Kanskje det viktigaste vi arbeider med er å sikre automatisk datafangst på helsefaglege indikatorar, slik at me jamleg kan måle og etterspørje resultat. Dette for å sikre at dei viktige måla i arbeidet med pasientsikkerheitsprogrammet blir gjennomført.

- Har du gjennomført et av pasientsikkerhetsprogrammets ledelsestiltak?

- I Helse Vest blir det jamleg gjennomført pasienttryggleiksvisittar og «I pasientens fotspor». Det har vore fagdirektørar og administrerande direktørar i dei lokale helseføretaka som har gjennomført desse til no. Som leiar av Helse Vest RHF har eg ikkje deltatt sjølv, men kanskje eg burde det?

I Helse Vest har vi ei regional styringsgruppe for det regionale pasienttryggleiksprogrammet som eg leiar, og som eg har leia sidan starten av arbeidet med Pasientsikkerheitsprogrammet. I denne sit også dei administrerande direktørane for dei lokale helseføretaka, tillitsvalde, representantar frå brukarutvalet og leiargruppa i Helse Vest. Dette er ein viktig arena for å setje mål, etterspørje resultat og lære av erfaringar frå kvarandre.

- Hva er dine beste råd til andre ledere i arbeidet med kvalitetsforbedring og pasientsikkerhet?

- Mitt viktigaste råd til andre leiarar er å setje klare mål. Bygg gode system som støttar opp om pasienttryggleiksarbeidet og legg til rette for automatiske målingar, slik at medarbeidarane ikkje treng å plotte og registrere data manuelt. Etterspør resultat. Sørg for at medarbeidarane har nok kompetanse i forbetringsmetodikk til å kunne skape varige endringar. Sist men ikkje minst er det viktig å sette seg inn i forskrift om «ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten» og rettleiaren som er gitt ut. Gjer ein dette, vil ein ha eit godt grunnlag til å kunne skape varige forbetringar til det beste for pasientar, pårørande og medarbeidarar.

 

Print