tove-hovland2

Tove Hovland

Publisert  Oppdatert 

- Det kan aldri bli nok forbetringskunnskap i organisasjonen. Du må lage system og halde ut, seier kommunaldirektøren i Tønsberg. Les kva ho lærte da ein pasient døydde etter eit fall.

Stilling: Kommunaldirektør

Utdanningsbakgrunn: Fysioterapeut Master of Public Administration

Hva inspirerer deg og hvorfor engasjerer du deg i arbeid med pasientsikkerhet?

- Eg vert inspirert av å arbeide i lag med flinke fagfolk og proffesjonelle brukarrepresentantar. Eg engasjerer meg i dette arbeidet fordi eg meiner at innbyggjarane i Tønsberg skal vere trygge på at dei får sikre og fagleg forsvarlege tenester.

Har du opplevd en pasientskade eller nesten-skade som har formet ditt syn på lederens ansvar og rolle?

- I kommunen opplever vi stadig pasientskader som er alvorlege og som kunne vore unngått. Ei slik sak hadde vi i kommunen for nokre år sidan. Ein pasient døydde på grunn av eit fall. Årsak og hendingsanalysen som blei gjennomført i etterkant av ulykka avdekka mange små og store feil som til saman vart katastrofale for pasienten. Men det som var mest alvorleg var at vi ikkje klarte å møte pårørande på ein god måte etter hendinga. Organisasjonen tok ikkje kontakt, vi kondolerte ikkje, vi inviterte dei ikkje inn til ein samtale og vi prøvde å bagatellisera hendinga. Til slutt måtte eg be pasientombodet om hjelpe for å få til ein samtale mellom oss og pårørande.

Der og då forstod eg kor viktig eg som leiar er i høve å påverke kultur og holdningar i organisasjonen. Eg forstod at eg måtte vise veg og lage gode og trygge rammer for pasienttryggleiksarbeidet i kommunen.

Hvordan kan du i din posisjon påvirke pasientsikkerheten direkte?

  • Eg må vise veg og halde fokus på målet vårt.
  • Eg må legge til rette for at organisasjonen får forbetringskunnskap på alle nivå frå politikarane til medarbeidarane ute i organisasjonen.
  • Eg må sikre gode system og strukturar for brukarmedverknad
  • Eg må sikre gode system og strukturar for å forbetre kvalitet og lære av feil
  • Eg må gå etterspørje kvalitet og legge til rette for pasienttryggleikskultur, t.d. ved å gå pasienttryggleiksvisittar

Har du gjennomført et av pasientsikkerhetsprogrammets ledelsestiltak?

- I lag med kommuneoverlegen gjennomfører eg 5-6 pasienttryggleiksvisittar per ½ år. Eg lærer korleis organisasjonen fungerer og får ein samtale om det som er viktig for dei som er nærmast pasientar og brukarar. Visittane set i gang mange små forbetringsprosjekt og medarbeidarane får løyse problem som dei er opptekne av.

Vi gjennomfører også pasienttryggleiksvisittar på fastlegekontora i kommunen.

Hva er dine beste råd til andre ledere i arbeidet med kvalitetsforbedring og pasientsikkerhet

  • Det kan aldri bli nok forbetringskunnskap i organisasjonen
  • Som toppleiar må du aldri la organisasjonen eller politikarane sleppe synet av målet
  • Lage system
  • Halde ut

Les meir om pasienttryggleiksvisittane på fastlegekontora i kommunen.

Print