Blir betre på førebygging av fall

Publisert  Oppdatert 

På Sirdalsheimen sjukeheim har dei teke tak i fall-utfordringane til pasientane på korttidsavdelinga.

Fall er den vanlegaste årsaken til at eldre skadar seg i og utanfor helseinstitusjonar. Fall kan ha mange negative konsekvensar for eldre menneske, og tal viser at mellom 10 % og 20 % av fall i sjukeheim gir alvorleg skade. På Sirdalsheimen i Sirdal kommune har dei jobba aktivt med førebygging av fall.

 - Vi har jobba med kartlegging og førebygging ei god stund, men trong meir hjelp til å få systematisert tiltaka og få gode rutinar. Difor har vi delteke på læringsnettverk og brukt fleire av tiltaka i tiltakspakka "Forebygging av fall i helseinstitusjoner" systematisk, seier Cindy Liland, Anne Lise Moen , Inger Marie Rokstad , Marianne Horve og Inger Johanne Ousdal. Dei har alle vore delaktige i arbeidet, og ved siste regionale læringsnettverk vart dei heidra for beste poster. <bilde>

Sjå eigen faktaboks om tiltakspakke "Forebygging av fall i helseinstitusjoner" nederst i saken.

Anti skli-sokkar

Dei fortel at mykje var allereie på plass før dei starta prosjektet. Avdelinga hadde tavlemøter kvar veke der kartlegging av fallrisiko var eit område. - Men noko så enkelt som å få kjøpt inn anti skli-sokkar til pasientar som scorar høgt på fallfare, har vist oss at enkle grep kan ha stor betydning. Vi har også fått laga informasjonsbrosjyrer til pårørande og plakat til oppslag på pasientromma, fortel dei.

- Det har vore utfordrande å få til møtepunkt i ein kvardag der fleire arbeider turnus, men helsefagarbeidaren som arbeider i avdelinga har vore ein sterk pådrivar for å følgje opp målinger, finne faste møtetidspunkt og  pusha der det har vore nødvendig til ei kvar tid. Alt i alt har den samla innsatsen ført til betre rutinar, tettare samarbeid på tvers og mindre fall.

Det beste rådet arbeidsgruppa kjem med er at ein må sørge for å jobbe tverrfagleg og ha jamnleg informasjon til tilsette. Dei som har delteke i prosjektet vil oppretthalde det sterke fokuset på forbedringsarbeid og implementere tiltaka på resten av Sirdalsheimen i Sirdal kommune og i heimesjukepleia.

Betre behandling gir auka livskvalitet

Eit konkret eksempel som viser at prosjektet på Sirdalsheimen har resultert i forbetring for pasientane òg, er denne historia:

Ein pasient kom inn til korttidsavdelinga på sjukeheimen på grunn av særs dårleg ållmenntilstand og sjukdom. Dårleg balanse auka faren for fall, og pasienten måtte vere lenge på korttidsavdeling før helsetilstanden var såpass stabil at ein kunne drive med meir systematisk trening. I denne perioden var det viktig med ernæring for å styrke ållmenntilstand, spesielt når treningsmengden auka. I tillegg vart det sett inn tiltak for å forebygge fall som kunne sette rehabiliteringsprosessen attende, så som anti skli -sokkar og at pasienten kun fekk lov til å gå med følge.

Pasienten fekk god tid til å komme seg, slik at ho fekk nok overskot til å trene (intensiv mengdetrening) før heimreise. Ein hadde eit tett samarbeid med fysioterapeut og personalet slik at pasienten fekk fleire treningsøkter kvar dag. Ergoterapeut var på heimebesøk og tilrettela heimen før heimreise. Det var heilt avgjerande å få til ein god overgang frå rehabiliteringsopphaldet og til ein kvardag i heimen. Dette fekk ein til med intensiv rehabilitering, aktivitet og trening kvar dag, både på eigen hand og med fagpersonar frå heimesjukepleia og kontinuerleg oppfølging av fysioterapeut. Alt dette foregjekk i privatheimen.

Nå kan pasienten gå med rullator åleine og føle seg langt tryggare heime hos seg sjølv, og på denne måten fått betre livskvalitet.

Tiltakspakke "Forebygging av fall i helseinstitusjoner"

Tiltak 1: Risikovurdering

Tiltak 2: Standardtiltak for alle pasientar med høg fallrisiko

  • Legemiddelgjennomgang
  • Hugseliste for pasientrom
  • Tilsyn ved behov
  • Pasient- og pårørandeinformasjon
  • Oppretthalde aktivitet og trening

Tiltak 3: Tverrfaglig utredning

Tiltak 4: Individuelt tilpassa tiltak

Tiltak 5: Overføring av informasjon om risikovurdering og tiltak

Les meir om tiltakspakka på nettsidene våre

 

 

Print