Rullator_ Mostphoto

Foto: @Mostphoto

Blir betre på førebygging av fall

Publisert  Oppdatert 

På Sirdalsheimen sjukeheim har dei tatt tak i fall-utfordringane til pasientane på korttidsavdelinga.

Fall er den vanlegaste årsaken til at eldre skadar seg i og utanfor helseinstitusjonar. Fall kan ha mange negative konsekvensar for eldre menneske, og tal viser at mellom 10 % og 20 % av fall i sjukeheim gir alvorleg skade.*

På Sirdalsheimen i Sirdal kommune har dei jobba aktivt med førebygging av fall i ein lengre periode. Tilsette har fått opplæring og meir kunnskapsbasert praksis rundt fall-utfordringar.

Færre fall og større tryggleik

 - Vi har jobba med kartlegging og førebygging ei god stund, men vi måtte få systematisert tiltaka og få gode rutinar. Difor har vi delteke på læringsnettverk og brukt fleire av tiltaka i tiltakspakka "Forebygging av fall i helseinstitusjoner" systematisk, seier Cindy Liland, Anne Lise Moen , Inger Marie Rokstad , Marianne Horve og Inger Johanne Ousdal. Dei har alle vore delaktige i arbeidet, og ved siste regionale læringsnettverk vart dei heidra for beste poster:

Bilde av tilsette Sirdal sjukeheoim og posterpris

Anti skli-sokkar og informasjon

Avdelinga hadde allereie mykje på plass før dei starta forbetringsprosjektet. Det var etablert tavlemøter kvar veke der kartlegging av fallrisiko var eit av mange område som dei fokuserte på. Likevel viste arbeidet i prosjektperioden at det var eit forbetringspotensial. -Noko så enkelt som å få kjøpt inn anti skli-sokkar til pasientar som scorar høgt på fallfare, har vist oss at enkle grep kan ha stor betydning. Vi har også fått laga informasjonsbrosjyrer til pårørande og plakat til oppslag på pasientromma, fortel dei.

- Det er alltid utfordrande å få til felles møtepunkt i ein kvardag der fleire arbeider turnus, men helsefagarbeidaren som arbeider i avdelinga har vore ein sterk pådrivar for å følgje opp målinger, finne faste møtetidspunkt og  pusha der det har vore nødvendig til ei kvar tid. Alt i alt har den samla innsatsen ført til betre rutinar, tettare samarbeid på tvers og langt færre fall blant pasientane.

Det beste rådet arbeidsgruppa kjem med til andre som skal i gang med liknande forbetringsprosjekt er å sørge for å jobbe tverrfagleg og ha jamnleg informasjon til tilsette. Nå skal dei implementere tiltaka i resten av avdelingane ved Sirdalsheimen og i heimesjukepleia.

God overgang mellom institusjon og heim

Det er fleire eksempel som viser at prosjektet på Sirdalsheimen har resultert i forbetring på person-nivå, her er eitt:

Ein pasient kom inn til korttidsavdelinga på sjukeheimen på grunn av særs dårleg ållmenntilstand og sjukdom. Dårleg balanse auka faren for fall, og pasienten måtte vere lenge på korttidsavdeling før helsetilstanden var såpass stabil at ein kunne drive med meir systematisk trening. I denne perioden var det viktig med ernæring for å styrke ållmenntilstand, spesielt når treningsmengden auka. I tillegg vart det sett inn tiltak, som bruk av anti skli -sokkar og at pasienten kun fekk lov til å gå med følge, for å førebygge fall som kunne sette rehabiliteringsprosessen tilbake.

Pasienten fekk god tid til å komme seg og nok overskot til å trene (intensiv mengdetrening) før heimreise. Det var eit tett samarbeid med fysioterapeut og personalet slik at pasienten fekk fleire treningsøkter kvar dag. Ergoterapeut var også på heimebesøk for å tilrettelegge før utskriving.
Det var heilt avgjerande å få til ein god overgang frå sjukeheimen til ein kvardag i heimen. Pasienten fekk intensiv rehabilitering, aktivitet og trening kvar dag, både på eigen hand og med fagpersonar frå heimesjukepleia. I tillegg var det kontinuerleg oppfølging av fysioterapeut. Alt dette foregjekk i privatheimen.

Resultatet av dei konkrete tiltaka har ført til at pasienten kan gå med rullator åleine og føle seg langt tryggare i kvardagen, som igjen fører til auka livskvalitet.

Tiltakspakke "Forebygging av fall i helseinstitusjoner"

Tiltak 1: Risikovurdering

Tiltak 2: Standardtiltak for alle pasientar med høg fallrisiko

  • Legemiddelgjennomgang
  • Hugseliste for pasientrom
  • Tilsyn ved behov
  • Pasient- og pårørandeinformasjon
  • Oppretthalde aktivitet og trening

Tiltak 3: Tverrfaglig utredning

Tiltak 4: Individuelt tilpassa tiltak

Tiltak 5: Overføring av informasjon om risikovurdering og tiltak

Les meir om tiltakspakka på nettsidene våre

 * https://www.fhi.no/publ/2015/oppsummering-av-systematiske-oversikter-om-forebygging-av-fall-i-institusjo/

 

Print