Tilsette Kvam rehabilitering

Team ved Kvam rehabilitering og behandlingsavdeling: Hilde Ystanes, Silje Kristiansen, Bjørn Tore Eikeland, Anne Marie Tveit og Lars Riise. (Namna på tavla i bakgrunnen er fiktive).

Systematiske målingar gjev betre praksis

Publisert  Oppdatert 

-Vi har fleire eksempel på at tilsette oppdagar forverring i tilstanden hjå pasientar og har sett i gang tiltak tidlegare enn kva som har vore praksis før, seier avdelingsleiar Hilde Ystanes.

Kvam rehabilitering og behandlingsavdeling i Kvam kommune i Hordaland har delteke i læringsnettverket Tidleg oppdaging av forverra tilstand.

Avdelinga har 16 sengeplassar og tilbyr tidsavgrensa opphald til personar med behov for rehabilitering, utredning og behandling, palliasjon og avlastning.

Objektive og systematiske målingar gjev betre praksis

 -Me ville bevege oss bort frå det å snakke om at ein pasient er «dårleg»- og å få ein praksis der ein underbygger observasjonane og vurderingane med objektive og systematiske målingar, seier avdelingsleiar Hilde Ystanes ved Kvam rehabilitering og behandlingsavdeling.

Tidleg og tydeleg involvering  

Avdelinga har hatt undervisning og gitt skriftleg informasjon til dei tilsette før NEWS-målingar vart teke i bruk. På denne måten har både involvering og nytteverdi av verktøyet kome tidleg og tydeleg fram for dei tilsette.

I starten av prosjektet vart NEWS2 utført dagleg på dei aller fleste pasientane for å sikre at målingane var ein del av dei daglege rutinane. Etter kvart vart antalet daglege målingar av pasientar gradvis redusert i tett samarbeid med sjukeheimslege. Ystanes påpeiker at pasientar som er i avdelinga for avlastningsopphald ikkje blir målt med NEWS ved kvart opphald.

 - Me har no ein praksis der me tek NEWS2 på alle nye pasientar som kjem til avdelinga. «Status NEWS» (målingar dagleg) vert utført der det er hensiktsmessig. I tillegg har me innført EKG og faste blodprøvar ved innkomst. Dette gjev  eit betre grunnlag for å sjå endringar og forverring i tilstand hos pasientar, seier ho.

Dokumentasjon i journalsystemet

Spørsmål som òg har dukka opp undervegs er korleis målingane skal bli best mogleg dokumenterte. I samarbeid med systemansvarleg for journalsystemet Gerica, har dei fått lagt inn ein eigen «NEWS- pakke» i labmodulen. Dette har gjort det mykje enklare å få oversikt over målingar som er utført på ein rask måte.

Anbefaling

Hilde Ystanes anbefaler å delta på læringsnettverk. Tilbakemeldingar ho får frå tilsette, er at dei ser nytten av endringane som er innførte i avdelinga. Det gjev meistringskjensle og tryggheit i arbeidet.

- Eg er stolt over kva me har fått til på avdelinga på relativ kort tid! Me har fått god støtte frå USHT i Hordaland og samlingane har vore inspirerande.

Teamet på Kvam rehabilitering og behandlingsavdeling har nokre gode råd til andre som skal i gang med liknande prosjekt:

  • Ha flat struktur som sørgjer for eigarskap og inkludering av alle i avdelinga
  • Få med ein engasjert lege på laget
  • Synleggjer status på tavle
  • Hald fokus på rapportar og møte. Informasjon er viktig!
  • Leiaren må delta aktivt
  • Sørg for å ha regelmessige møte i forbedringsgruppa. Det er viktig å ha kontinuerleg fokus på framdrift, erfaringar og jamnlege justeringar.

Les om fleire prosjekt på nettsidene til Utviklingssenteret for sykehjem og hjemmetjenester i Hordaland.

 

Print