Stilling: Kommunaldirektør
Utdanningsbakgrunn: Fysioterapeut Master of Public Administration
Hva inspirerer deg og hvorfor engasjerer du deg i arbeid med pasientsikkerhet?
- Eg vert inspirert av å arbeide i lag med flinke fagfolk og proffesjonelle brukarrepresentantar. Eg engasjerer meg i dette arbeidet fordi eg meiner at innbyggjarane i Tønsberg skal vere trygge på at dei får sikre og fagleg forsvarlege tenester.
Har du opplevd en pasientskade eller nesten-skade som har formet ditt syn på lederens ansvar og rolle?
- I kommunen opplever vi stadig pasientskader som er alvorlege og som kunne vore unngått. Ei slik sak hadde vi i kommunen for nokre år sidan. Ein pasient døydde på grunn av eit fall. Årsak og hendingsanalysen som blei gjennomført i etterkant av ulykka avdekka mange små og store feil som til saman vart katastrofale for pasienten. Men det som var mest alvorleg var at vi ikkje klarte å møte pårørande på ein god måte etter hendinga. Organisasjonen tok ikkje kontakt, vi kondolerte ikkje, vi inviterte dei ikkje inn til ein samtale og vi prøvde å bagatellisera hendinga. Til slutt måtte eg be pasientombodet om hjelpe for å få til ein samtale mellom oss og pårørande.
Der og då forstod eg kor viktig eg som leiar er i høve å påverke kultur og holdningar i organisasjonen. Eg forstod at eg måtte vise veg og lage gode og trygge rammer for pasienttryggleiksarbeidet i kommunen.
Hvordan kan du i din posisjon påvirke pasientsikkerheten direkte?
- Eg må vise veg og halde fokus på målet vårt.
- Eg må legge til rette for at organisasjonen får forbetringskunnskap på alle nivå frå politikarane til medarbeidarane ute i organisasjonen.
- Eg må sikre gode system og strukturar for brukarmedverknad
- Eg må sikre gode system og strukturar for å forbetre kvalitet og lære av feil
- Eg må gå etterspørje kvalitet og legge til rette for pasienttryggleikskultur, t.d. ved å gå pasienttryggleiksvisittar
Har du gjennomført et av pasientsikkerhetsprogrammets ledelsestiltak?
- I lag med kommuneoverlegen gjennomfører eg 5-6 pasienttryggleiksvisittar per ½ år. Eg lærer korleis organisasjonen fungerer og får ein samtale om det som er viktig for dei som er nærmast pasientar og brukarar. Visittane set i gang mange små forbetringsprosjekt og medarbeidarane får løyse problem som dei er opptekne av.
Vi gjennomfører også pasienttryggleiksvisittar på fastlegekontora i kommunen.
Hva er dine beste råd til andre ledere i arbeidet med kvalitetsforbedring og pasientsikkerhet
- Det kan aldri bli nok forbetringskunnskap i organisasjonen
- Som toppleiar må du aldri la organisasjonen eller politikarane sleppe synet av målet
- Lage system
- Halde ut
Les meir om pasienttryggleiksvisittane på fastlegekontora i kommunen.