Nedgang i pasientskadar ved norske sjukehus

Publisert 13/09/2023 Oppdatert 14/09/2023

I 2022 oppstod det ein pasientskade ved 12,6 % av somatiske sjukehusopphald i Noreg, mot 12,8 % året før.

Pasientskadar er eit betydeleg globalt og nasjonalt problem. Illustrasjonsbilete: Mostphotos.

I 2022 var dei hyppigaste typane av pasientskadar legemiddelrelaterte skadar og urinvegsinfeksjon. 

GTT-rapport som viser pasientskadetall for 2022 (Helsedirektoratet.no)

 - Over ein tiårsperiode har det vorte tryggare å vera pasient ved norske sjukehus. I snitt har vi ca 8000 færre sjukehusopphald med pasientskadar i 2022 enn i 2012. Spesielt gledeleg er nedgangen både i omfanget av skadar som var langvarige eller ga varige mén og skadar som førte til at pasienten døydde. Dette er sjølvsagt positivt.

- Likevel er ein pasientskade éin for mykje, og målet er ein tydelegare nedgang. Brukarar og pasientar skal kjenne seg trygge i møte med helse- og omsorgstenestene, seier helsedirektør Bjørn Guldvog. 

Vil redusere omfanget av pasientskadar 

I 2022 var dei hyppigaste typane av pasientskadar legemiddelrelaterte skade, urinvegsinfeksjon, annan kirurgisk komplikasjon og annan infeksjon. Samtidig viser ei samla opptelling av skadetypar knytta til kirurgi, at desse oppstod i 4,3 % av alle sjukehusopphald i 2022, mot 4,4 % i 2021. 

Førekomsten av trykksår har vore aukande dei siste åra, og Helsedirektoratet planlegg å vidareføre tiltakspakken mot trykksår i eit fagleg råd om førebygging av trykksår. 

- Pasientskadar kan ha store konsekvensar for pasienten, pårørande og helsepersonellet som er involverte. Det medfører også store kostnader for sjukehusa og for samfunnet, samtidig som omtrent halvparten av alle skadar kunne vore førebygd, seier Guldvog.

Krev målretta innsats

Nasjonal handlingsplan for pasienttryggleik og kvalitetsforbetring 2019-2023 har som eit av måla sine å redusere omfanget av pasientskadar.

 - Arbeidet med å auka pasienttryggleik er langsiktig og krev målretta innsats på mange område. Undersøkinga viser at det er ein svakt aukande trend i omfanget av pasientskadar som har ført til forlenga sjukehusopphald eller re-innlegging. Dette bør få merksemd i helsefellesskapa, seier Bjørn Guldvog.

 Om undersøkinga 

Sidan 2010 har andelen sjukehusopphald med pasientskade i somatisk spesialisthelseteneste i Noreg vorte målt med GTT-metoden. Formålet er å kunne følge utviklinga av skadenivået og kva typar skadar som oppstår. Alle norske helseføretak og fem private sjukehus deltek i undersøkinga. Datagrunnlaget gjer at målingane ikkje er eigna til samanlikning mellom helseføretak. 

Sjå fleire pasientskaderapportar på nettsidene til Helsedirektoratet